Del på
Korleis feira ein jul i gamledagar? I dette førjulsopplegget vil elevane få lære om korleis julefeiringa har endra seg opp gjennom åra.
Maksimalt antall
30
Varighet
2 time
Periode
1. desember - 18. desember
Kostnad
Gratis
Denne jula blir det julestemning på Nordfjord Folkemuseum når vi pyntar stovene til jul. Vi går heilt tilbake til 1600-talet, der vi skal lære om dei mystiske skikkane og overtruene som prega høgtida for 400 år sidan. Deretter reiser vi vidare til 1700-talet for å lære om matskikkane, før vi kjem til 1800-talet, der vi begynner å kjenne igjen visse likskapstrekk med vår eigen feiring. Til slutt endar vi opp på 1960-talet, der den kommersielle jula har fått ei større rolle.
Pedagogisk gjennomføring
Opplegget er delt i to delar. Først blir klassa med museumspedagogen for å sjå dei julepynta stovene, der dei får lære om julefeiringa frå 1600-talet og fram til slutten av 1900-talet.
Deretter skal elevane delta i julepyntverkstaden, der dei får utfalde seg kreativt ved å lage gamaldags julepynt.