Museumsbuss: Draumen om Amerika

Familie fotografert i Cooperstown, Nord Dakota.
Familie fotografert i Cooperstown, Nord Dakota. Photographer: Anno Norsk utvandrermuseum

2025 markerer at det er 200 år sidan skipet "Restauration" segla frå Stavanger med dei første norske emigrantane til Amerika. I perioden 1850-1940 utvandra det 750 000 menneske frå Noreg til Nord-Amerika og Canada. I dette opplegget får elevane eit innblikk i utvandringa frå Sunnfjord, fortald gjennom nokre av dei som reiste på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Kvifor reiste dei frå Sunnfjord? Korleis føregjekk reisa, og kva møtte dei i det nye landet?

Merk: Elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke kan bestille gratis museumsbuss. Les meir om vilkår på denne sida

Maximum attendees

30

Duration

1,5 time

Time period

Tirsdagar, onsdagar og torsdagar i vekene 38, 39 og 40

Cost

Free

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 8 - 10

  • samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald
  • vurdere på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og reflektere over korleis algoritmar, einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår
  • utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
  • utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd

Show competency goals

I utstillinga skal elevane finne informasjon i passasjerlister. Foto:
I utstillinga skal elevane finne informasjon i passasjerlister. Foto: Photographer: Henning A. Hellebust

Pedagogisk gjennomføring

På skulen før museumsbesøket: Vi anbefalar at elevane har gjennomført to undervisningtimar i tilbodet Emigrating to America. Dette er eit forskings- og utviklingsprosjekt som utforskar nye måtar å formidla historia om norsk utvandring til Amerika på 1800- og 1900-talet. Det er Vestland fylkeskommune som er eigar av prosjektet. Du kan lese meir om prosjektet her. På sida finn du også undervisningspakkar som passar ditt alderstrinn.

På museet:

Vi startar opplegget i Østenstadstova, ei røykstove frå 1500-talet og som vart brukt til bustadhus fram til slutten av 1800-talet. Her får elevane høyre om samfunn og levekår i Sunnfjordbygdene på denne tida, og kva faktorar som gjorde at folk reiste. Deretter får elevane utdelt kvar sin "amerika-billett". Her står det namn på faktiske personar som reiste frå Sunnfjord og Bergen. Billettane skal vi bruke i del 2 av opplegget som foregår i utstillinga "Spelemenn og sognekjerringar: underhalding i det norske Amerika".

I del 2 er vi i utstillinga som er laga i samband med utvandrarjubileet 2025. Den presenterer utvandring frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke. Elevane får ei omvising i utstillinga, der fokus vil vere på emne som: * Amerikabrev som kommunikasjon heim. * Reisa * Etablering i det nye landet. * Kultur i transitt: om framvekst av ein felles identitet blant emigrantane som kom. * Migrasjon i dag. Vi får høyre om to som har innvandra til Sunnfjord Kommune i nyare tid.

Til sist skal elevane bruke billettane til å leite i passasjerlister frå Ellis Island Foundation etter informasjon om personen. Kor gamle var dei når dei reiste? Kor skulle dei? Reiste dei åleine eller saman med andre?

Til læraren:

  • Merk at tilbodet er tilgjengeleg i perioden tirsdagar, onsdagar og torsdagar i vekene 38, 39 og 40. Tilbodet om museumsbuss gjeld 9. trinn.
  • Når det er avtalt besøk med museumsbuss vil de få tilsendt ein rekvisisjon til tinging av transport. Skulane må sjølv ta kontakt med transportselskap og tinge skyss til/frå museet.
  • Vi skal inn i Østenstadstova, eit av dei antikvariske husa i tunet. Her er det ikkje oppvarma. Elevane må difor kle seg godt.
  • Gruppa/klassen kan ete nistepakken på museet om ynskjeleg. Dette vert i oppvarma stove. Gje beskjed i påmeldinga.
  • Friluftsmuseet har grusveg, med varierande tilkomst. Det er dessverre avgrensa tilgang for rørslehemma besøkande i dei antikvariske husa, men vi kan legge til rette for tilkomst i Østenstadstova og Halbrendhuset. Skriv i påmeldinga om de må ha tilrettelegging.
  • Påmelding: De melder dykk på ved å fylle ut skjemaet under. Hugs å fylle inn tidspunkt for ankomst og avreise i kommentarfeltet.

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 2 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10
School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden museum

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden museum

Samfunnsfag grades 5 - 7

Share to