Valdres Folkemuseum si samling gjev innsikt i jordbruket og stølskulturen som har vore sentral i Valdres gjennom fleire hundreår. Friluftsmuseet omfattar bygningar frå heile region...
54 objekt
STØLSHUSA PÅ VALDRES FOLKEMUSEUM
Om sommaren flytta folk buskapen til stølen for å utnytte beitet i fjellet, og i stølshusa vart det ysta ost, kinna smør og teke vare på mjølka. På ei høgde i friluftsmuseet med vidt utsyn utover landskapet ligg Valdres Folkemuseum sitt eige stølsområde. Her er samla bygningar frå ulike stølar i Valdres. Saman formidlar bygningane og gjenstandane her utviklinga i stølsdrifta frå eldre tider og fram mot vår eigen tid.
Dei eldste bygningane i stølsområdet er frå 1700-talet. Dei blei flytta frå stølar i Valdresfjella til museet på Fagernes på 1950-talet. Desse eldre bygningane og gjenstandane i dei viser korleis stølsdrifta vart praktisert i ei lang tid i Valdreshistoria. Både bygga og reiskapane var enklare, forma av og for lokale tradisjonar og ressursar. Samstundes var menneska i Valdres heilt avhengige av produksjonen husa og reiskapen vart nytta til. Århundrar med kunnskap om seterdrift og tradisjonelt fjellandbruk sørgde for at stølsfolket kunne nytte ressursane fjellet kunne gi.
Det nyaste stølshuset på museet er frå 1940-talet. Det vart flytta til museet i år 2000 med komplett inventar som inneheldt ei rekke nyvinningar som mjølkeseparator og Yatsy. Bygningen representerer ei meir moderne form for seterdrift, slik ho vart praktisert midt på 1900-talet med fellestrekk til dagens stølsdrift.
Ange en kommentar eller föreslå ändringar
För att publicera en offentlig kommentar på objektet, välj «Skriv en kommentar». För att skicka en fråga direkt till museet, välj «Sänd en fråga».