Omvising i utstillinga "Gjenklang"

article image

I denne utstillinga har kunstnar Linda Soh Trengereid måla eit 11 meter langt måleri av ein mystisk skog - kva skjular seg mellom trea, mosen og røtene?

Motivet viser eit skoglandskap der menneskeliknande vesen ser ut til å vere vevde saman med naturen – som om dei høyrer til der. Trengereid skaper landskap der det vakre og det urovekkande møtast, og der det kjende og det framande glir over i kvarandre.

Verket tek inspirasjon frå gamle panoramamåleri og nasjonalromantikken, men også frå kunstnaren si eiga historie som adoptivbarn frå Sør-Korea. Gjenklang handlar om tilhøyrsle, identitet og vår relasjon til naturen – særleg den ville og vakre vestlandsnaturen.

Saman leitar og snakkar vi om det vi ser i skogen i måleriet. Kva skjular seg der? Kvifor er dei der? Vi undrar oss i lag og borna får moglegheit til å dele eigne erfaringar med å vere i skogen. Kanskje lagar vi ei historie i lag om kva som føregår i måleriet? Vi slepp fantasien laus!

Etter at vi har sett utstillinga får borna vere på verkstaden og lage eit bilde med metoden til kunstnar Trengereid. Ho teiknar først med kol, deretter farglegg ho ved å spraye på måling med små sprayflasker.

Opplegget kan også gjennomførast utan å vere på verkstaden, då brukar vi meir tid på leik og samtale i utstillinga.

Maximum attendees

12

Duration

70 min (vi tilpassar gjerne opplegget om de ønskjer å bruke kortare tid)

Time period

25. august - 24. oktober 2025

Cost

Free

Other info

Det er mogeleg å ete medbrakt niste i undervisningsrommet på museet før eller etter opplegget.

Utsnitt frå det 11 meter lange måleriet "Gjenklang"
På verkstaden kan borna prøve å måle som kunstnar Trengereid - teikne med kol og fargelegge med sprutmåling (måling på sprayflasker)
Det er gøy å spute måling på biletet og spennande å sjå fargane blande seg

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 2 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10
School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden museum

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden museum

Samfunnsfag grades 5 - 7

Share to