Bruk kvernstein for å mate Steinur!

article image

Mål

Oppleva Kvernsteinsparken som ein leik- og læringsarena.

Læra om kvernstein og kornmaling.

Øva på å venta på tur, dela og samarbeida.

Få erfaring med å ta hand om dyr (høner og hanen Steinur).

Utvikla glede for song og samhandling i naturen.

Framgangsmåte

1. Velkomst og omvising i parken

Barna vert møtt av museumspedagog eller tilsette.

Kort introduksjon til Kvernsteinsparken og kva som finst her (høner, kvernsteinar, steinsbrøytere, resepsjon, Storehuset, smia).

Barna går på tur gjennom steinsbrøyterne saman med museumspedagog og lærarane. Dei hjelper til med å koste litt i pepperkakebrøyta, og etterpå let vi etter kvernsteinar og steinsbrøytere langs løypa.

2. Aktivitet: Mala korn med kvernstein

Barna får kvar sin oppgåve: mala kveite med kvernsteinane.

Pedagog/tilsett viser korleis ein brukar kvernsteinen.

Barna deler på kornet og vurderer kor mykje som trengst til å fôra hønene.

Mjølet som vert laga, skal nyttast til å gje hønene mat.

3. Mata Steinur og hønene

Etter kverning får barna gje mjølet og kornet til hanen Steinur og hønene.

Pedagog forklarer om dyra og kor viktig det er å ta godt vare på dei.

Aktiviteten fremjar tålmod, samarbeid og omsorg for dyr.

***4. Avslapping og song rundt bålet * Etter matinga kan barna setje seg rundt bålpanna.

Dei kan syngja songar, til dømes «Alle fuglar», som Steinur likar godt.

Her kan dei òg eta lunsj om det passar.

**

Læringsutbytte

Barna lærer praktiske ferdigheiter gjennom kverning og mating av dyr.

Dei får sosial trening: venta på tur, dele og samarbeide.

Natur- og dyrekunnskap: barna lærer om høner og hønsehald.

Musikk og song styrkar tilknytning til parken og dyra.

Maximum attendees

12

Place

Kvernsteinsparken, Hyllestadvegen, Hyllestad, Norge se kart

Time period

April - Oktober

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 2 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10
School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden museum

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden museum

Samfunnsfag grades 5 - 7

Share to