Fotografmeister Martin Velle (1905–1989) frå Ørsta
Atelier- og mørkeromsutstyr frå ca. 1934–1974 etter Martin Velle
Martin Velle vart fødd 6. januar 1905 i Martinusbakkane på Velle i Ørsta, som eldste av fem sysken. Etter at faren døydde i 1915, måtte han tidleg bidra i drifta av den vesle garden. Trass i arbeidsmengda utvikla han sterke faglege interesser, særleg for mekanikk og teknikk, men økonomien gjorde formell ingeniørutdanning uoppnåeleg.
Allereie som 13-åring tok han til med fotografering. Den første produksjonen skjedde med enkle midlar: kontaktkopiering i fotoramme med lys frå eit vindauge. Fotograferinga var eit sjølvlært prosjekt utan støtte heimanfrå, men la grunnlaget for eit framtidig yrke.
Seinare gjekk han i lære hos fotograf Giske i Ålesund og vidare på fotoskule i Trondheim, der han utmerka seg med svært gode resultat. I 1934 etablerte han eige atelier og fotobutikk i Ørsta, ei verksemd han dreiv fram til 1974. Gjennom heile karrieren arbeidde Velle med manuelle svart-kvitt-prosessar og vart særleg kjend for portrett, natur- og fjellfotografi, samt for handkolorering med oljefargar. I dag står fotomaterialet hans som ein omfattande og høgkvalitets dokumentasjon av bygda og regionen.
Materialet etter Velle, inkludert det omfattande biletarkivet, er prega av jamt høg kvalitet og utgjer ei sentral visuell kjelde til Ørsta si historie. Bileta vart tidlegare gitt til Fylkesfotoarkivet, medan utstyret vart overført til VITI i 2025 av familien.
I 1928 kjøpte Velle eit Zeiss-kamera i formatet 9 × 12 cm, utstyrt med Tessar-objektiv. Til dette konstruerte han sjølv eit forstørringsapparat tilpassa same formatet. Forstørringsapparatet var i bruk gjennom heile karrieren og inngår i dag i samlinga etter han. Det vart nytta til alle forstørringar frå kamera i atelieret. Kameraet følgde òg med i felt, særleg på fjellturar, og fleire av dei mest anerkjende fjellmotiva hans vart tatt med dette utstyret.
Dette kameraet blir rekna som eit av dei første eineauga 6x6-speilreflekskamera, produsert frå om lag 1935. Modellen vart levert med ulike objektiv. Meyer Macro Plasmat-objektivet som følgjer med dette eksemplaret, var eit av dei beste. Det er eit framifrå portrettobjektiv, rett nok utan coating, men skarpt i midten og mjuktteiknande mot kanten. Martin Velle nytta dette frå 1936 til 1974 hovudsakeleg til fotografering av born i rørsle
Det siste atelierkameraet vart kjøpt om lag 1950–1951, samtidig som det vart investert i eit nytt turkamera, eit 6x9 Zeiss foldekamera. I denne perioden fekk familien også eit nytt barn. Martin Velle arbeidde utelukkande i svart-kvitt, då han meinte at fargefotografi enno ikkje hadde tilstrekkeleg haldbar kvalitet. Han handkolorerte svart-kvitt-bilete med oljefargar, ei teknikk han beherska godt og som han vart rekna som særleg dyktig i.
Velle stilte høge krav til kvalitet og ønskte kontroll over heile den fotografiske prosessen. Dette gav solide faglege resultat, men førte ikkje nødvendigvis til høg inntening. Då fotoautomatar, postordreframkalling, rimelege kamera og mekaniserte framkallings- og kopieringsmaskiner kom på marknaden, heldt han fram med dei tradisjonelle arbeidsmetodane. Frå å vere eit yrke med høg status og god inntening, møtte fotografbransjen større utfordringar utover 1950- og 1960-åra.
Kombinasjonen av butikkdrift og atelier innebar lange arbeidsdagar, frå tidleg morgon til omkring klokka 20–21 på vekedagar og til klokka 17 på laurdag, gjennom om lag førti år. Den yngste sonen held fram interessa for fotografi, men vart rådd frå å satse på fotograffaget i slik retning bransjen utvikla seg. I ettertid synest denne vurderinga å ha vore riktig.
Studio oppsett omtrent slik det kunne ha vore brukt av Velle
Blant gjenstandane vi har fått er eit komplett sett av studiolamper som Velle brukte i sitt atelier. I tillegg ein benk han nytta til sitjande portrettfotografering.
Kjelder
Informasjon og tekst frå Roar Arne Velle (son av Martin Velle)
Teknisk informasjon frå Gaute Hareide