Dreid ølskål, rosemalt.
Dreid ølskål, rosemalt. Makridis, Dino / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum

Skål, skikk og samhald - Forteljinga om ølbollen

Ølbollen har frå dei eldre dagar hatt ein viktig rolle i den norske husstandshistoria. Dette kan ein syne til ved dei store museumssamlingane spreidd ikring alle krokar i Noregs land. I tida før drikkeglas var ølbollar i treverk den hovudsaklege drikkebehaldaren. Av ysme storleik, nokre er merkbart svære, andre er små og kan passe i handflata. I bruksskikk ausa ein soleis frå den store ølbollen med mindre ølskåler, desse skålene vart jamt kalla ølbollar med tida og omgrepa flyt i røynda rundt kvarandre. Ølbolle blir da eit omgrep som famnar om dei varierte utformingane eit slikt reiskap hadde. Nemninga fattar variasjonar av ølhaldande drikke som ølbolle, ølskål, ølkoks, ølhøne og dei sokalla kjengane, bollar med handtak på begge sider. Ein må høvesvis sjå tilbake i tida for famne kvifor desse gjenstandane vart so utbreia og kva rolle dei har spelt i eit langt historisk laup.

Sogene fortel

I si spee grunnforteljing kan ein syne til sogene som skildrar den tidlegaste dokumenterte skåleskikken. Skikken med å skåle er ein integrert del av ølbolleforteljinga. Endringane frå heidensk skikk og bruk til kristenliv kan peike til dei tidlegaste tendensane, i alle fall dei me har nokon form for litterær vissleik ikring. I høve til ei slik forteljing vart Noregs tredje konge, Håkon Adalsteinsfostre tvungen til å skåle gudane ved blot på Mære. I den grad Heimskringla kan tydast som ei truverdig historisk kjelde vart Håkon første kristne konge i Noreg. Landet elles var i dette tidsrommet markant heidensk og det var ei viss vegring for å famne om Jesus - eller Kvite-Krist som nordmenn på 900-talet kalla han.

Kong Håkon på Mære

Skal ein taka lit ved Snorre sine vendingar i Soga om Håkon den Gode blei prinsen fostra hjå den engelske kong Adalstein. Høvesvis forteljinga vart han oppetsla som kristen før han med tida tok heimferda og Noregs høgsete. Ved heimkomst måtte han da forhalda seg til eit heidensk rike, dette vart ikkje utan konfliktar. Då Håkon i rolle som leiande høvding møtte til julegilde på Mære blei han satt i ein vanskeleg situasjon, her vart han skjenka og tvungen til å drikke offer for dei norrøne gudane, han fekk heller ikkje signe det som vart skjenka med korsteikn. Soleis kan ein seie att dei førkristne skjenkeskikkane hadde ein ruvande rolle i gamalnorsk norm.

Ølbrygging og tingslova

Med syn til det eldste lovverket kan ein vise til Gulatingslova som ei rettesnor for den seinare tydinga av skjenkenorma. Gulatingslova var den første samla tinglova som omfamna vestlandet. Sjølv om den trønderske Frostatingslova ikkje nemner fastsette reglar for drikkehøve kan ein tenke seg at lovverket ikring Gulating famna om ei vid norm i samfunnet. I høve til Ágrip var kong Håkon den som festa denne tinglova til sitt velde. I den eldre Gulatingslova er nemninga gudar endra til Gud, ein skulle ikkje lengre skåle til Tor, Odin og Frøy, men heller signe Jesus og den kristne Gud med korsteikn før ein drakk. Soleis eit peik til første iterasjon av kristenretten. Ei slik synkretisk overgang var elles vanlig i den katolske trua, ei mjuk endring av skikk og bruk var appellerande for den historiske nordbuar, gamal tru i ny ham.

I vidare utdjuping kan ei nemne somme lovar som omhandlar denne fastsetjinga av drikkeskikken. I høve til Gulatingslova skulle ein vere ferdig med ølbrygginga allereie før allhelgemessa. Denne samanskotsølen, eller «sambur"ð" arǫl» som det heitte frå gamalt var til juletida og skulle lagast i samspel mellom fleire gardbrukarar. Hadde ein ikkje moglegheit til å samlast for dette skulle ein einskild brygge for tre mann. Om dette ikkje vart gjort før fristen skulle ein betale bot til biskopen. Dei med lite i eiga vart frikjend denne plikta. Det skildrast vidare bot for dei som ikkje signar ølet med korsteikn på julenatta. Om det blei funne prov for ei slik mishandling tre år på rad vart ein tvungen frå odel og eige, jordeiga skulle takast og delast mellom biskop og konge. Viss ein ikkje skrifta og bad den kristne guden om nåde skulle ein òg forvisast frå Noreg. Det er med andre ord strenge og fastsette lovsetjingar som kan knytast til brygginga i den tidlege midalderen.

Gjærkrans til ølbrygging, forma av trebitar. Makridis Dino / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum

Magnus Lagabøte si Landslov

Med eit vidare blikk til lovutviklinga kan ein syne til kong Magnus Lagabøte si Landslov. Denne var første fulle lovsetjing for heile landet, ei vidareutvikling og fornying av dei tidlegare tinglovane. Landslova kom til å vera gjeldande i over 400 år (1274-1687) og hadde stor innverknad på norsk, færøysk og islandsk rettspraksis. Denne reforma vidareutviklar samstundes Gulatingslova og gjev drikkelova ei mildare tyding. I lova er ein paragraf, denne fortel at ein i tronge tider ikkje skulle nytta korn til å lage øl. Dette var viktig for å sikra tilgang til mat i periodar med naud. Ein kan fatte dette som radikalt då denne lovsetjinga skil seg kraftig frå den sterke straffinga som framlagt i Gulatingslova. I sum syner midalderskikkane korleis øl ikkje berre var ein sosial tradisjon men òg eit reiskap i kristninga av Noreg. Øl hadde ein religiøs funksjon og vart nytta til å samla folket i dei importerte kristne verdiane.

Eit vidare syn til skikk og bruk

Ølkultur og skåleskikk var soleis ein djupt integrert del av ættesamfunnet, både før og etter kristninga av Noreg. I religiøse samanhengar som julehøgtida og overgangsfeiringar som bryllaup og gravferd var det rett å skåle i øl. Her var sjølve handlinga ein viktig del av prosessen. I den gamle skikken var det nemleg berre ei skål til deling. Alle skulle drikke frå denne i bestemt rekkefølgje. Høvdingen eller storbonden kunne nyte første slurk medan tenestefolka måtte seie seg nøgde med dei grumsete restane. Morosamt nok kjem omgrepet skål frå same indoeuropeiske rotord som skalle. I høve til språkvitaren Sylfest Lomheim kan ein med humor «tenkje seg at ein høgde av hovudet til ein fiende, tømte ut hjernen og hadde noko smakfullt i skallen og sa skalle». Med omsyn er det ikkje naudsynt å taka denne slutninga på alvor, heller som eit artig peik til fortida. Måten me skålar på i dag kjem vel i røynda frå setninga «di skål og mi skål», med tida vart dette høvesvis korta ned til skål. I tankespel kan ein vel tenke seg det var litt tungvint å seie «di skål og mi skål» kvar einskild gong nokon skulle drikke. Nokre stadar var det visleg tradisjon for å nytta ei felles ølskål heilt fram til det tidlege 1900-talet. Dei yngste fekk være med på dette, men måtte seie seg nøgde med barsel – eller barns-øl som dette tydar frå gamalt, denne var heldigvis utvatna. Skåleskikken og sjølve ølbollen hadde visseleg ei utprega samfunnsrolle.

Motiv etter A. Tidemands "En søndagskvæld i Hardanger", utgjeven i 1848. Koparstikk av L. H. Fischer. Dino Makridis, Sverresborg Trøndelag folkemuseum Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Etterreformatoriske tendensar og endringar

I tida etter den norske reformasjonen (1536-1537) får ølbollen gradvis nye karakteristikkar. Dei førreformatoriske ølbollane var rikt pryda med treskurd (treskjering), men var ofte ikkje mala på noko vis. I omsyn får bollen eit meir folkeleg preg, som førar med seg bollerim og prydmaling av treskåla. Påskriv kunne være på både ut- og innsida langs kanten og vert skriven i «gotisk skrift». Denne typen innskriv vart òg kalla frakturskrift og vart nytta heilt mot 1900-talet, da byrja kursiv ruva dominerande. Den finaste pynten var i hovudsak på innsida av bollen medan utsida oftast vart mala einsfarga. Innskrifta blei påførd ikring eit mala «band» på bollen, dette bandet sirkla randen.

Fram mot 1600-talet var den særeigne ølbollen nytta både i bygd og by. I ettertida ser ein tendensen til å skifte til stein- og tinnkrus i byane før glasvarevirke tok overhand. Bygdene blir soleis nesten einerepresentant for den seinare bolleskikken. Der det i byane vart vanleg med ølsongar og vers vert bygdetendensen å finna i bollerima. Bollerim er da den rikelege påskrifta ein finn på mangfaldige ølbollar. Innhaldet i desse rima kan famna om alt frå filosofi og religion til humoristiske eller tullete utsegn. Rima famna truleg om det som interesserte ved drikkebordet. Ølbollane med mest representasjon i musea er hovudsakleg frå 1600- til 1800-talet, dette frå påskrifta som er å finna. Visseleg kan bollane òg vere eldre enn sjølve innskrivinga og dateringa som er lagt dertil. I folkekulturen kan ein setje merknad ved att innskrifta ofte vandrar mellom stadar, ikkje berre i flytting mellom dei skilde bygdene men òg gjennom forskjellige tidsbolkar. Somme innskrifter kan finnast i Setesdal likens som i Trøndelag. Nokre av rima er stundom berre funne i si eiga landslut, med særeigne vers og vendingar. Migrerande påskrift har truleg fengja ved noko i lokalfolket, ho kan soleis spegla mentaliteten der gjenstanden vart nytta, særs der fleire bollar av same sort er å finna. Nokre gonger er det målaren som har vald rimet som skal på bollen, medan det i andre høve var eigaren som ville fremje noko i skriv. Rima fungerer i dette som eit innblikk i den folkelege drikkementaliteten, ein spegling av både regionale tendensar og dei lokale høva.

Motiv etter A. Tidemands "Et gravøl", cirka 1854. Koparstikk av L. H. Fischer. Dino Makridis, Sverresborg Trøndelag folkemuseum Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

"Skaal, mine venner" - om ølbollerima

Øl var i mellomalderen rekna som ei kraftkjelde og hadde frå enda eldre tider ei religiøs-oppbygging ved seg. Dette kan gjerast synleg ved dei mangfaldige religionsutsegna som fremjast i påskrifta på ølbollane. I det kristne synet var øl noko guddomen hadde gjeve til folket. Det var soleis vanleg med gudsprising på bollane. Likeins som ein takkar for maten skulle ein takke for ølet, som det står skriven på ein bolle frå Jølster ikring 1870:

Æd og drik, vær lystig og glad
tak saa Gud for drikke og mad

På ein av dei eldre ølbollane frå 1600-talet vart det vidare skriven:

Drich og edt
Gud nok forgiedt

Som ein ser her kan gudsprisingsvers sjåast heilt frå 1600-talet ut mot den siste tida ølbollar var gjengs nytta. Eit utbreia rim er å finne på fleire ølbollar frå Nordmøre og Trøndelag:

Tak ske Herren aller først
som os læsker i vir tørst.

Dette regionalt utprega bolleverset var ikkje meint å vere blasfemisk, men heller som eit syn til den heilage rolla ølet hadde i folkeminnet. Andre interregionale ølbollar som er funne mellom Meldal og Sunnmøre famnar om det rusande aspektet ved drikkeskikken:

Jeg er liden at se
men kan dog fælde dig i kne. 1793.

Soleis påskrift som viser til ølpåverknad var heller ikkje uvanleg. Ei slik åtvaring kunne nokre gonger vera krass og fattast som skjemmande:

Øl i bollen
rus i skolten
marg i knoka
trump i broka

Ovannemnd bollerim frå Geiranger åtvarar her om å drikke med måte, kanskje som ei påminning til eigaren. Den grove skildringa i lapidarstil er høvesvis i godt lynne, med eit humoristisk glimt. Men ei soleis påskrift famnar likeins om skuggesida ved rusen ølet gjev den drikkande.

Motiv etter A. Tidemands "Slagsmaal i et bondebryllup" frå 1861. Koparstikk av L. H. Fischer. Dino Makridis, Sverresborg Trøndelag folkemuseum. Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Storleiken hadde nokre gonger sitt å seia for både rimet i seg sjølv og sjølve namngjevinga av ølbollen, det var faktisk ølbollar som vert gjeven eigne namn. Ein slik gjev bolle frå austlandet hadde namnet «Store Gubban» og skreiv seg slik:

Store guban er mit navn
dislige fins ikke i Naarges land.
Thi ieg vel fylder femtten man.
Kan du mig utstupe
saa skam sku faa din strupe. 1805.

Liknande storleiksrim kan synast frå fleire stadar. Som denne påskrifta frå ein bolle i Telemark, datert til 1841:

Skaal mine venner, en mil til baans
Lunde til tønde og Flaam til spans.

Det skulle med andre ord ikkje vere mangelfullt med drikke å få. Bollen i sin funksjon som folkesamlar var òg visseleg knytt til høgtida som satt vel so sterkt i ølbollerima.

Frå samlinga - ølbollar frå dei trønderske dalføra

Rettar me oss mot Sverresborg Folkemuseum sine mangfaldige gjenstandar, kan ein spissa seg vidare til dei ølbollesamlingane som har sin heim her. Samlingane som tuftar bustad her speglar omlanda breitt, innhenta både frå det trønderske kjerneområdet og grannefylka. I fortsetting av bollerima kan ei høgtidsmessig vending synast i ei ølskål frå folkemuseet sine gjenstandssamlingar, rimet lydar soleis:

Kom nabo sæt dig ned
saa skal du faa at smage
mit kones juleøl
og siden hendes kage. 1787

Dreid ølskål med rosemåling frå Rindalen. Makridis, Dino / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum

Det er fleire spennande og flotte ølbollar i Sverresborg sine samlingar. Skåla som er vedlagt nedanfor har påskrift frå 1780 og famnar både høgtid og drukkenskap:

God taar min gode grande,
Dette varme skal din pande

Ølskål med rosemåling frå Soknedalen i Gauldalen. Makridis Dino / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum

Ein anna ølbolle frå museet sine samlingar viser ein korleis drukkenskapen kan ta overhanda:

Mor giv mig öll enu
Som for betalning skier
naar som ieg dör 1777.

Ølbolle med rosemåling frå Soknedalen i Gauldalen. Børseth, Erik / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Denne vendinga er rimeleg dramatisk, kanskje detta kan tydast som ei filosofisk vending eller ein aforisk strøtanke? Mor er i alle fall kontekstuelt visande for kven som var forventa å ordne med- og skjenka drikka, ei visning til husfrua si kjønnsmessige familierolle i gamal tid. I høgmellomalderen var den som hadde plikt om å ordne bordstell av særs viktig rang. I den siste utforminga av hirda hadde skutilsveinen (bordstellaren i moderne tyding) nest høgast rang i heile hirdvesenet, rett under lendmannen. Om det var ei utvasking av denne rolla eller ei symbolsk heidring av husmora på 1700-talet er uråd å seia for meg. Det er i alle fall ein interessant parallell som moglegvis speglar funksjonelle rolleendringar.

I anna utforming har museet ein trekanta ølkoks, denne har ingen måla påskrift men er likeins representativ for ein variant av ølbollar eg ikkje har talt noko særs om ovanfor. På kvar si sida er det her festa små metallskilt med namna til eigarane «Anna Hogtop – Claus Hogtop», samt dateringa «Anno 1678». Denne ølbollen har forseggjort treskurd med andlet på dei tre hjørna:

Ølkoks med rosemåling frå Rennebu. Børseth, Erik / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Ølbollar - i enden av soga

Hevar ein blikket vekk frå detaljane og ser attende over heile denne lange lina av ølbollar, stig eit rikt og levande kulturobjekt fram. Desse varierte drikkehaldarane som for oss i dag kan verke enkle, har gjennom hundreår vore både kvardagsreiskap, høgtidssymbol og eit kulturelt spegelbilete av samfunnsskikkane som var med å forma Noreg. Frå det norrøne blotgildet på Mære der sjølve skåla var knytt til guddom og makt, via Gulatingslova si strenge kristenrettsnormering av ølbrygg og drikkeskikk, til Magnus Lagabøte si mildare praktiske lovgjeving. Ølbollen følgde folket gjennom omveltingar. Med reformasjonen fekk ølbollen nytt liv som ei spegling av folkekunst. No vart dei prydmåla, rima og personleggjorde, dei bar med seg alt frå gudsprising til spreke åtvaringar om fyll og slark i knea. I bygdene vart dei verande lenge etter at byane gjekk over til glas og tinn, og nett difor er dei ein so tydeleg inngang til mentaliteten i folkekulturen. Ølbollen var meir enn ein drikkehaldar. Han var eit sosialt knutepunkt, eit uttrykk for identitet og eit vitne til korleis tradisjonar kunne skifta ham utan å miste rotfesta si kraft, eit kulturminne i si eiga styrke.

Kjelder

Bratberg, T. & Rosvold, K. A. (2025, 1. august). Mære. SNL. https://snl.no/M%C3%A6re

Dybdahl, A. (1992). Matstell i eldre tid. Steinkjer Museum.

Dybdahl, A. (2025, 6. mars). Ølbolle. SNL. https://snl.no/%C3%B8lbolle

Grøn, F. (1941). Om kostholdet i Norge fra omkring 1500-talllet og opp til vår tid. Det Norske Videnskaps-Akademi.

Keyser, R. & Munch, P. A. (1846). I. Den ældre Gulathings-Lov. Heimskringla. (2014, 7. april). https://heimskringla.no/wiki/Gula%C3%BEingsl%C3%B6g_(Gulatingsloven)

Krag, C. (2025, 2. september). Håkon den gode. SNL. https://snl.no/H%C3%A5kon_den_gode

Landslova. (1274). Magnus Lagabøtes Landslov. (LOV-1274-06-24). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NLO/lov/1274-06-24-nn/

Norgeshistorie. (2018, 13. mars). Gulatingsloven – om ølbrygging. UiO https://www.norgeshistorie.no/kilder/hoymiddelalder/K0901-Gulatingsloven-om-%C3%B8lbrygging.html

Olaisen, S. R. (2023, 12. august). Ordet «skål» kan stamme frå ein morbid gjest:- Tømte ut hjernen og hadde i noko smakfullt. NRK. https://www.nrk.no/nordland/ordet-skal-stammer-fra-vikinger-_-kanskje-drakk-vi-av-hodeskaller-1.16501216

Seierstad, A. (1935). Folkeleg drikke-mentalitet i ljoset av gamle ølbolle-rim. Norges Avholdsbibliotek. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2022052548532

Sivertsen, B. (2014). Jul i Trøndelag. Fagbokforlaget. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030148015

Sæthre, J. (2025, 2. mai). Juleøl. SNL. https://snl.no/jule%C3%B8l

Share to